Førdefjorden Vel

Gjelsvik barnehage - Om oss

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Gjelsvik barnehage

Gjelsvik barnehage

Gjelsvik barnehage er ein kommunal barnehage med to avdelingar godkjend for barn frå 1 til 6 år. Barnehagen var ny i 1995 og er samlokalisert med skulen. I tillegg til våre to avdelingar har vi ein del fellesareal med skulen, som gymnastikksal, bibliotek og kjøkken. Vi har og eit godt og trygt uteareal. Her er med andre ord god plass til å boltre seg!

Vi har full barnehagedekning!

Dagleg opningstid frå 07:30 til 16:30
Barnehagen held ope 47 veker i året (stengt i romjula og yrkesdagane i påskeveka).
Det vert gjeve 30% søskenmoderasjon for 1. søsken og 50% for 2. søsken og fleire.

Barnehageåret 2008/2009 har vi desse prisane:
100% 2.290 kr
80% 1.832 kr
60% 1.374 kr
40% 916 kr

E-post: gjelbarn@online.no
Tlf-styrer: 57733255
Tlf-avdeling: 57733250
Førdefjorden Vel