Førdefjorden Vel
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))

Nordre Askvoll Helselag

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement






Nordre Askvoll Helselag er eit lokallag under Nasjonalforeningen for Folkehelsen og har ei lang historie

Laget vårt har som oppgåve å arbeide for helse og trivsel blant alle i bygda vår. Vi har aktivitetar som passar for alle og vi har aktivitetar som er retta inn på ulike grupper.

Medlemsfordelar, vedtatt på årsmøtet 2009:
-medlemmar får refundert kr. 30 ved bruk av terapibassenget i Førde, inntil 10 ganger pr år
-medlemmar får refundert kr. 150.- pr. år for medlemskap knytt til fysisk aktivitet (td. Stepp, Puls, Spenst mm)
-medlemmar og pensjonistar (også ikkje medlemmar) får dekka kr. 100.- pr. time hjå forpleiar pr. år.




Ut på tur, aldri sur
Ut på tur, aldri sur





I sommarhalvåret arrangerar laget to faste turar kvar veke (tysdag og torsdag). (Turbilder 2008)

Turane startar som reglel kl 19 og går lokalt i marka og på fjellet. Nokre lengre turar startar kl 18. Ein av veketurane er rekna for å vere lett og den andre litt meir utfordrande. I tillegg vert det arrangert dagsturar. I 2009 planlegg vi ein tur til Høgesåta i mai og dagstur til Etrenipa i august. I juni planlegg helselaget familietur til Svanøya. Dette er turar som er veravhengige, dato vert fastsett seinare. Alle turane vert leia av personar med god lokalkjennskap og er annonsert via oppslag på Høgda og i Flokenes i tillegg til på heimesida. Helselaget har lagt ut loddbøker på følgjande stadar: Dyrehovden, Rustene, høgda bak Selvikstølen, Svortevikstølen og Storehogjen (v/Høgda). Alle deltakarar vert ført inn i loddbøker og er med på trekning av gevinstar på helselagsbasaren.

Kart over bøkene

Dei aller yngste ønskjer vi velkommen til verda med ei lita gåve. Skuleelevane gledar seg kvart år til skulelunsjen som helselaget lagar til i februar. Eldre over 80 år og alle som bur i omsorgsbustadar og på Askvollheimen frå vårt område, får ei gåve som julehelsing. Ofte har dette vore ein juleblomst, men det har også vore gitt kalender med bilete frå dei lokale helselagsturane.

Helselagsbasaren er i oktober og er viktigaste inntektskjelda til laget. Vi er avhengig av at folk kjøper lodd og gir gevinstar til basaren. Basaren har godt oppmøte og vi prøver å lage til eit program som passar for alle. To gangar kvart år vert det arrangert Syng med oss, som er ein aktivitet for dei som likar å synge.

Helselaget arrangerar også kurs. Vi har hatt kurs i magedans, dette var kjempekjekt. Vi har også hatt datakurs og førstehjelpskurs. Vi tek gjerne i mot ynskje om kurs og andre aktivitetar vi kan dra i gang.

Helselaget samarbeidar gjerne med andre lag og organisasjonar. No har vi eit samarbeid med NHF Askvoll/Rørvik lag og Førdefjorden Vel om Badeplass for alle ved Øyravatnet. Nordre Askvoll Helselag ynskjer også verte pådrivar og høyringsinstans om viktige forhold for vårt område. Vi har delteke i høyringa om 132 kv linja og trafostasjon

Nordre Askvoll Helselag Informasjons brosjyre




Referat frå styre møter og årsmøter
Førdefjorden Vel