Førdefjorden Vel

Røvarane ved Tjubersnova

På fjellet mellom Gjelsvikstølen og Leknesstølen går vegen, eller råsa, fram om den bratte fjellveggen som ein kallar Tjubersnova. Nedanfor råsa er ei stor ur som strekkjer seg nedover mot Trollevatnet. Her var det at røvarane ved Tjubersnova hadde hola si.

Det er ei gamal segn dette, som har gått på folkemunne her i gardane, og gjerne ikkje heilt likt fortald på dei ymse stader. Eg høyrde den då eg var i 7- 8 års alderen av Katrina Skorven (1837-1928) som budde på øyraplassen. Ein plass som ligg nær inn til desse stølsmarkene. Ho fortalde om lag soleis:

Dei var i alt 12 mann som heldt til i denne hola. Frå Fossedalen hadde dei røva med seg ei jente som dei og hadde der. På tjuve- og røvartoktene sine for dei både på sjø og land. Soleis hadde dei ei rås ned Brekka og båt ved Garnberget (det er ca lOOm aust for Skorvetunnelen). Litt vest om Skorveelva går ei skor ned til sjøen, der gjekk dei og. Denne skora er kalla Tjuveskora den dag i dag. Båtane deira som dei søkte ned når dei ikkje var i bruk, var kledde med skinn (dyrehud). Ein anna veg hadde dei aust over fjella og ned i Rørvika. Det seier seg sjølv at desse røvarane måtte vera til stor plage for fôlk i bygdene.

Ein mann frå Skorva eller Skorvemarka, somme seier han heitte Anders, var dømd fredlaus for ei ugj erning han hadde gjort. Men han hadde fått med i dommen at om han greidde å få livet av røvarane, skulle han vere fri mann. Han tok seg fram til hola. Røvarane låg då og sov. Dei hadde trua jenta til å sitja vakt og varsle om der kom nokon. Men jenta tok parti med mannen og varsla ikkje. Dei fekk då lurt ut av dei våpena, eller drapsreidskapane dei hadde, og greidde då å få livet av dei. Her har det og vore fortalt om eit kjærleiksforhold mellom jenta og denne mannen frå før ho vart røva, og at ho hadde fått gjeve eit teikn eller varsel til han om at han no måtte koma og fria henne ut.

I Rørvika har eg høyrt ein litt anna versjon: Der heitte det at det var far til jenta som kom. Ho sat då oppe i ei skor, og på avstand kjende ho att faren. Ho kleiv då straks ned, og dermed var enden komen for røvarane ved Tjubersnova.
Vi var nokre gutar i 12-14 års alderen på fjelltur. Vi fann då på at vi skulle prøve og finne denne mykje omtala hola. Etter mykje klyving og klatring fann vi eit hol som førde inn gjennom ura. Men det var myrkt der inne, og vi var vel litt redde for at det kunne ramle stein ned for inngangen. Eg hugsa at vi fann nokre beinrestar, og at vi såg på nokre steinar som vi meinte var lagde opp av folk. Vi hadde nok tenkt oss oppatt og ha med lys, men det vart ikkje. Ja, no er det mange år sidan denne fjellturen, men hola er der vel enno.

Oddvin Solheim
ffff


ff
Førdefjorden Vel