Førdefjorden Vel

17.mai avis 2003

Kjære bygdefolk!

Det er like godt å tilstå det med det same – i år var de nær ved å måtte klare dykk utan avis. 17. Mai nemnda hadde sitt siste møte, programmet var stort sett på plass, då kom spørsmålet alle visste ville komme, men som ingen hadde lyst til å tenke på: Skal vi ikkje ha avis i år? Etter å ha lese litt i tidlegare års aviser forsto vi at dette er ikkje noko ein tek lett på. Medlemmane i nemnda la ansikta i alvorlege folder og fekk gjort nødvendige vedtak: Avisa må skrivast!No skal det seiast til vårt forsvar at store delar av denne 17.mai nemnda kjem frå ytre del av krinsen, og vi er nok litt historielause når det gjeld denne avisa.

Avisa har lange tradisjonar og fast plass i programmet når det er 17. Mai. Her har det tidlegare å vore skrive både spøk og alvor, ofte har skribenten hatt eit litt skeivt blikk på verda omkring. ”Næmingen” som avisa til ungdomslaget heiter såg dagens lys i 1902, då som ”blad for Gjelsvik og Kvammens ungdomslag”.

Vi lever i ei tid der omorganiseringa, rasjonaliseringa og effektiviseringa synest å vere viktigare enn alt anna. Konsulentar og andre spesialistar innan bedriftsøkonomi og rasjonalisering har hatt gode tider dei siste åra der dei har analysert og strukturert og gitt sine råd til bedriftene. Posten, Statoil, Telenor som det heitte før, SAS, Braathen og andre store har kasta folk på dør i mengder, utstyrt med sluttpakkar og tilbod om førtidspensjonering, berre for ei veke seinare å oppdage at dei hadde bruk for dei likevel. Då leiger ein same personane tilbake i dei gamle jobbane sine som konsulentar til tredobbel løn. No er kanskje ikkje dette noko å bry seg om for oss – slik effektivisering må ein ha langvarig økonomisk utdanning for å forstå. Ein klok, men ikkje særleg kjent mann skal ha sagt: ”Norge har i si historie vore ramma av to store ulukker, den første var Svartedauden, den andre var Handelshøgskulen”.

Ei av desse bedriftene, eller institusjonen må vi nesten kalle den, som har omorganisert seg i det siste, og som denne skribenten har lyst til å gje eit spark bak, er Statens Vegvesen. I mange år har skulen, foreldreråd og Velforeining arbeidd for å få 60 km sone langs vegen ved skulen. Det har vore skrive brev, bedt og trua i årevis. I fjor sende foreldrerådet ved skulen ei heil bok til Vegvesenet med bilder og dokumentasjon om skulevegen til elevane, og ba pent om dei kunne hjelpe oss å betre litt på forholda. Vi vart optimistiske når vi såg 60 sona i Stongfjorden vart utvida og at det kom 60 sone på Karstad. Endå meir oppglødde vart vi når vi fekk svar om at vi snart skulle få svar. Men so var det den omorganiseringa då! Statens Vegvesen som før bygde vegar, det har dei i alle fall slutta med. Dei skal teikne og planlegge dei vegane dei ikkje skal bygge. Eg trur nok dei har ”mesta” gangsynet! Dessutan har det truleg gått med så mykje pengar til å få det nye namnet på klistremerker til bilane, kjeledressar, brevark og nye kulepennar at det nok ikkje er meir igjen til 60 skilt. Ikkje har vi høyrt frå dei heller på mange månader, det er vel slutt på portoen og. Neste gong gidd vi ikkje å skrive brev, vi sender berre ein kaktus.

På det meir lokale plan er det mange ting som rører på seg. Førdefjorden Teaterlag som har vore sovande i mange år, sto brått opp frå dvalen og slo til med ny forestilling her om dagen. I teatersamanheng var det fleire nye fjes å sjå, og som jorde ein imponerande innsats. Lite visste vi om at folk som ser heilt alminnelege ut til kvardags, kan verte so galne når dei kjem på ei scene.

Når vi først er inne på dette om soving, kjem vi ikkje utanom Kvammen Idrettslag som tisynelatande har gått til ro. Etter å ha sendt fotballag til Norway Cup to år på rad, er fleire av spelarane no kjøpt opp av andre lag i distriktet, og det skal visstnok vere betalt uhorvelege overgangssummar. Vi forventar at salsinntektene vil auke monaleg etter kvart som nye spelarar veks til, for miniputtane er i gang med treninga igjen etter vinterdvalen og har overteke dei gamle draktene. Ryktet fortel at volleyballgruppa og dei andre medlemmane vurderer pyjamas som ny klubbdrakt.

Vi har hatt ein fin vinter og vår med lite nedbør så langt. Det har hatt sine ulemper har vi fått erfare, straumprisane har gått rett til himmels, og du lurer på om det er straumrekninga du har fått eller om du har kjøpt deg ein kraftstasjon. Dei fleste av oss som er samla her tenkjer eg har site med straumrekninga i handa og kjempa med gråten. Det er så du kan lure på om ein skal tygge kaffibønnene i seg og skole dei ned med kaldt vatn.

Som om det ikkje er nok elende so har kraftlaget hatt ein kar rekande rundt på bygdene for å sjekke om vi har lause stikkontaktar eller for lange gardiner. Karen er ikkje verre på det enn at han skal inspisere soveromma våre og, for å kontrollere panelomnen der eller sjå om vi nyttar andre metodar for å halde varmen.

Vi må nesten nemne vår lokale kraftprodusentar og, lite nedbør i vinter har gjort at det har vore vanskeleg å holde turbinane i gang, og produksjonen har nok vore ujamn. NRK viste eit interessant program på fjernsyn for ei tid tilbake, det handla om urfolk, og rituala dei har, mellom anna for å skaffe regn. Etter at dette programmet vart sendt har folk som går tur seint på kveldane påstått at dei synes å høyre jungeltrommer og kjenner vibrasjonar i marka, ja enkelte påstår sogar å ha treft folk ikledd bastskjørt i skogen, og tromminga pågår ofte langt på natt. Truleg er dette berre rykter som denne avisredaksjonen verken kan bekrefte eller avkrefte, vi nøyer oss med å konstatere at det i alle fall har byrja å regne.

Ja, avisa vart ferdig i år og, men det skal seiast at det har gått på bekostning av nattesøvnen dei siste dagane. Du sit der og skriv på datamaskina, og synes du har fått det bra til, og går for å hente deg ein velfortent kopp kaffi. Når du so kjem igjen, trur du ikkje svinepelsen står der og knirkar til deg, har slukt i seg heile manuskriptet ditt og gjømt det ein stad på harddisken så det er heilt uråd å finne att. Din første tanke då er, no går eg og hentar slegga mi, so skal eg gjere opp med denne maskina ein gong for alle. Men so kjem sunnfjordingen fram i deg, du drikk kaffien din sakte og tenkjer, ja, ja, det kunne sikkert gått verre, og så startar du på nytt.

Våren er her og sommaren er like rundt hjørnet. La oss glede oss over den lyse årstida og alt det spennande vi har i vente!

Takk for oss og lukke til!
Førdefjorden Vel