Førdefjorden Vel

17.mai avisa 2008

Kjære sambygdingar – til lukke med dagen.

17. mai avisa vår har lange tradisjonar i grendene våre. Etter kvart som åra går blir gjerne denne avisa ein viktig og litt artig dokumentasjon på korleis folk tenkte, og kva dei var opptekne av. Kanskje blir dette enno viktigare i åra som kjem. Som alle veit kommuniserer vi ikkje noko særleg skriftleg lenger. Det einaste som kjem i papirform no er rekningar og påfølgande purringar.

Vi har lagt ”haue i blåt” for å summere dei viktigaste hendingane i bygda. I tillegg til eit umenneskeleg tidspress, har vi hatt ein redaksjon som er lokalisert noko avsides. Vi ber om forståing for at noko eller nokon kan ha blitt utegløymt. Dei som kjenner seg aldeles tilsidesett kan melde seg til redaksjonen seinare i dag eller seinast innan 10. Mai 2009.

For å begynne i ytre del av krinsen. Det har blitt registrert stor vilje til nyskaping nettopp her. Dette må berømmast . Noko så sjeldan som nydyrking av jord har funne stad. Knapt ein einaste ungdom under 25 har sett noko slikt før. Med ei gryande matvarekrise i verda er dette eit tiltak forut for si tid.

Vi må og få nemne ryktet om ein kommande campingplass hos Sissel og Arild. Oss bekjent er dette faktisk første og einaste campinga i kommunen. Med dette opnar det seg uendelege muligheiter. Vannsklie/kraftverk er eit av forslaga. Røra ligg jo der allereie, så kvifor ikkje utnytte seg av dette. Legg nokre rør vidare etter kvarandre frå turbinen og rett i sjøen. For ekstra fart kan ein, mot eit lite tillegg, få ein skvett miljøvennleg grønnsåpe. Aldersgrense kjem vi tilbake til, men for å vere sikker på at alle som vil prøve verkeleg kjem igjennom, bør det settast opp ein rørstubb som alle må passere. Eit såkalle prøverør.

Litt lenger inne har det vore ei voldsom satsing på oppsetting av gjerde. Kva, eller kven, som skal gjerdast ute, eller inne, er enno ikkje heilt fastlagt. Men som ei prøveordning kan hekkeløp eller hinderløype i samarbeid med campinga vere aktuelt.
Skulle pågangen til campinga vere for stor, er det nybygde avlastningsplassar i Kvammen. Johannes har satsa på ei større utbygging, og Otto har mildt sagt utvida, og fått veldig god plass i det nye ”vedskuret”, for dei som er litt mindre kresne.

Men vi skal ikkje forlate Flokeneset enno. Den store utbygginga av hytter i området fører til store svingingar i folketalet i løpet av veka. Dei av oss som så vidt hugsar 60-talet, og som gler seg til ”Med hjarta på rette staden” kvar laurdagskveld, ser med spenning fram til reisinga av nytt politihus i grenda. Med nesten fordobling av folketalet kvar helg, er dette på høg tid.

Både turistar og fastbuande har fått auga opp for den vakre bygda vår, og stader der ein kan få oversikt. Her peikar Dyrehovden seg ut. Aldri før har trafikken vore så stor her. Kva som driv folk til dettte kollektive vannviddet er uvisst. Vi har vor på Dyrehovden for å finne ut meir om dette.

(sketsj)

Området rundt Dyrehovden har lenge vore hjorten sitt friområde, men den fekk til slutt nok av dei fargerike mosjonistane, og tenkte at livet er sikkert finare på den andre sida av tunnelen. Planen gjekk skeis, då dei bytta turgåarar for kuler og krutt. Vi berre nemner her at hjortefellinga innanfor tunnelen aldri har vore så stor som i haust.

Vi må gratulere bygda med eit nytt forsamlingslokale og garderobeanlegg på Høgda. Igjen har vi fått bevis på den store dugnadsånda, og mange fortener ekstra honnør for dette.. Vi vil særslikt nemne Steinar Bråstad for alt arbeidet han har lagt ned. Nytt garderobeanlegg kjem vel med no når Kvammen sitt herrelag endeleg har kome med i divisjonssystemet. Neste helg sparkast sesongen i gang, og om tre veker får vi besøk av tre andre herrelag. Det kan bli intimt i garderoben.

Sidan vi først er inne på dugnadsånd. Tiltak har allereie blitt sett igong for å auke folketalet i bygda, mellom anna i form av gratistomter. Her har likevel bygdefolket ein viktig innsats å gjere heime på soverommet. Meir lystbetont dugnadsarbeid enn dette skal du leite lenge etter.

Å sanke ved kan vere både ein kostbar og tidkrevjande prosess. Dei som lenge har hatt lyst til å sanke eigen ved, utan å kjøpe verneutstyr og motorsag til tusenvis av kroner, fekk i vinter hjelp frå uventa hald. Informasjonsansvarleg i Mesta opplyser at det ligg mykje god, og nesten tørr kveikje, langs riksveg 609. Vegen er lang, så det skal vere nok til alle. Dei opplyser vidare at det begynner å haste. For etter jonsok vert veden omklassifisert til kompost.

Den store og kanskje viktigaste saka i bygda er oppretthaldinga av ungomsskulen. Det er skåre til langt inn i beinet, men rektor Siv har gått kurs i heile vinter for å kunne takle slike tronge tider. Det har kome ein del sure oppstøyt frå ulike delar av kommunen for at den kommunale fruktordninga måtte kuttast ut. Vi sender varme og trøystande tankar til dei andre skulane, som og lyt leve utan frukt. Vi ynskjer alle ein god og varm sommar slik at frukthausten vert god.

Musikk- og kulturskulen skal og få halde fram. Alle er glade for det, og nokre av elevane har lyst til å vise oss noko av det dei kan.

(innslag musikkskulen)

Sist haust var det kommuneval, og det fungerer slik at anten du vil ha inn naboen eller slett ikkje , så tek du pennen fatt og brukar han flittig. Trass i dårlege odds mot dei store valkrinsane lenger vest i kommunen, greidde vi likevel å få med nokre lokale representantar i styre og stell. Vi kjenner dei på ulike vis, men no skal to av dei få sjansen til å presentere dei meir ukjende sidene ved seg sjølv. Venke og Gunnar stiller opp til ein uhøgtideleg konkurranse.

(ti spørsmål – innslag)

Lokalpolitikarane er stort sett velmeinande og hardtarbeidande vanlege folk. Nokre har større ambisjonar enn andre. Kanskje ei vidare karriere blinkar i det fjerne? Men då må ein kunne uttrykke seg og kanskje av og til halde tale. Kva ambisjonar arets tiandeklassingar har, er vi litt usikre på, men no skal vi i alle fall få årets russetale.

(russetale)

Vi har sett at det er mange som kan spele, men det er ekstra kjekt å spele når nokon vil danse. Nokre av ungdommane i bygda har øva på dans ei god stund og har lyst til å vise oss kva dei er gode for.

(danseinnslag)

No er det ikkje lenger grunn til å sjå mørkt på at ein nærmar seg pensjonsalderen. Seniordans kallar dei det, dei samlast og har faste øvingar. Frå pålitelege kjelder heiter det at det skal vere grueleg kjekt. Nokre av dei faste har lyst til å vise oss kva dei driv med.

(seniordans)

Det er mange som vil vere med. Så populært er tiltaket at det faktisk er godt vaksne folk som har stått lengtande ute på tå, med flat nase på ruta. Men beskjeden dei får… Kom tilbake om fire år. For nokre opna det seg ein ny sjanse sist vinter. Det vart henta inn ekstern kompetanse, for då skulle bygda få innføring i magedans. Som så ofte elles var det jentene som var modigast og melde seg på. Når sant skal seiast var det fleire menn som hadde lyst til å vere med, men dei rekna vel med at det vart vel tøft med femogtjue svaiande damer rundt seg. Alternativet då vart fjernundervisning på nett. Vi skal no få sjå om det kan vere ein aktuell måte å lære magedans på-

(magedans)

Med dette takkar redaksjonen frå seg.

Rune og Øyvind.


Førdefjorden Vel