Førdefjorden Vel
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2fab_81.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Velkommen til Førdefjorden!

Bygd for trivsel © Foto: Monica Stubhaug
Bygd for trivsel
Foto: Monica Stubhaug

FIBER-breiband - meld di interesse

Informasjon om Sevicesyssen 2014

Informasjon om SMS-varsling i samband med vegstenging

Velkommen til bygdeportalen for Førdfjordområdet. Området ligg i Askvoll kommune og strekkjer seg frå Stavestrand til Hestvik, der fjord møter fjell. Der Stavfjorden går over til Førdefjorden startar samtidig ei fjellrekke med Blegja som eit massivt høgdepunkt. Med 1305 m.o.h gjev Blegja utsikt til Alden, Jostedalsbreen og dei sju fjell rundt Bergen. Du ser også eit uttal av fiskevatn med aure som er så bitevillig at sjølv sjølv myggen på Sagøyra kjem til kort.

På fordefjorden.no får du ein rundtur i området. Om det ikkje er noko djupdykk, så byr nettstaden på ein del av det vi har å by på. Du får ein presentasjon av organisasjonsliv og aktivitetar. Du får bilete frå bygda. Du får eit glimt av denne flotte staden som ligg ein halvtime unna Førde og kommunesenter, idyllisk til langs fjorden, med tilbod om båtplass i småbåthamn, med nærbutikk, med godlynt folkeslag og med kommunale tomter som vert seld for ei krone! Så velkommen skal du vere, både på nettsida og til bygda.


Padletur... © Foto: Lars Bjarte Osland
Padletur...
Foto: Lars Bjarte Osland
...med utsikt mot Dyrehovden og Eitrenipa
Førdefjorden Vel